Har du ein god idé eller eit prosjekt på gong?
Søk Oslandsfondet
Under 60-årsjubileet til Osland Havbruk vart det oppretta eit fond på kr 1 million som gåve til lokalmiljøet. Sørsida Utvikling forvaltar dette, og no kan DU søkje på midlar frå fondet!
Slik søker du
Kan du svare ja på desse spørsmåla?
- Prosjekt eller tiltak som bidreg til samfunns- og/eller næringsutvikling
- Prosjektet er på Høyanger Sørside
- Søkjar er bedrift, lag eller organisasjon
- Fordel med spleiselag med fleire aktørar
Send søknad med beskriving av tiltaket og enkelt budsjett til: terje@sordalgruppen.no
Vi behandlar søknadar fortløpande
Retningslinjer
- Fondet kan søkjast på etter utlysing, eller tildelast etter eige initiativ frå styret i SU.
- Fondet kan gå til prosjekt eller tiltak som bidreg til samfunns- og næringsutvikling. Søknader om driftsmidlar blir normalt ikkje støtta.
- Bedrifter, lag og organisasjonar eller samarbeid mellom desse kan søkje. Søknadar frå privatpersonar, religiøse eller politiske organisasjonar blir som hovudregel ikkje støtta.
- Det blir lagt vekt på at fondet skal bidra til utløysing av andre midlar slik at ein samla sett kan få realisert større prosjekt.
- Midlane skal gå til prosjekt som er lokalisert på Høyanger Sørside
- Styret i SU vedtek tildeling